![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
(Oi, her var det ein blogg!)
Er garderoben din eit sorgens kapittel? Partiet Demokratene kan isåfall hjelpe deg! Sjekk her. Dersom du er for blind til å få med deg dei innlysande kvalitetane denne sida har å by på (skal ikkje gå inn på dei politiske aspekta), legg merke til følgjande: - "t-skorta", som kjem til den runde og fine sum av 21 kroner, noko som truleg skulle borge for både slitestyrke og trendfaktor. - vindjakka, som blir påstått å kome i to typer. Type 2 beskyttar truleg ikkje like godt mot vêr og vind som type 1, i og med at dei totalt unnlet å nemnde denne. V-teiknet og tommelen opp er derimot pene. - pologenseren, der den stakkars utklipte May Britt jensen (med liten j) får påstandar om androgynitet slengt rett i fleisen. Saman byggjer vi framtida. :: Minneverdig? :: Tell a Friend :: Er det noko? -En liten pose på det, eller?
-Ja takk. -Glimrende, altså. Ehm. Berre eit lite utbrot: Kvifor er det alltid, alltid alltid, slik at når ein legg ein mediespelar - det vere seg mp3, discman, walkman eller berbar platespelar for den saks skuld - ned i ei veske eller ei jakkelomme, så er hovudtelefonane og dei tilhøyrande leidningane heile tida maksimalt ihopkrølla, i ein tilnærma uoppretteleg, svart (eller kvit for ekstreme trendnissar) spagetti, etter fem sekund?
Får vel avslutte på rett klisjévis: Eg berre spør. Stand up, ee ååå Lite nytt å melde frå heime på berget, og - ta det med ro! - iallfall ingenting interessant. Tek til å bli moden for Trondheim igjen, men enn så lenge er det lite som er like bra som ein kaffekopp (ikkje berre kaffe, såklart. I like my sugar with coffee and cream.) medan ein prøvar å få fyr i ovnen (noko eg nå har konstatert at eg er udugeleg til, så andre må ta over) og blar gjennom ein fersk Fjuk (som vanleg kjemisk fri for nyheiter).
Vel. Tv-biten: I kveld er det (endeleg!) klart for siste Six feet under-sesongen på NRK1! Eg gler meg heilt sinnssjukt. (I morgon derimot: Årets verste happening på norsk fjernsyn. Idrettsgalla! Spy og spy. Det hjelp ikkje at alle som les denne bloggen si bestevenninne, Christel, tydelegvis skal vere med.) I går kveld såg eg Requiem for a dream igjen, ein film som eg tidlegare har vurdert som ein kandidat til oppskrytt-lista (heng med! Denne er under utarbeiding og vil nok dukke opp her etterkvart.), og misforstå meg ikkje, det er ikkje fordi han er dårleg, men fordi det er ein film som absolutt alle omtaler som "ååååhhh, den eeeer så jævlig" eller "det verste dei har sett". Og i liknande ordelag. Klart, han fortel ei jævlig historie på ein heilt fantastisk jævlig måte, men sist eg såg han innsåg eg ikkje heilt det. Nå, derimot, opplevde eg, eh, "høgdepunktet" mot slutten som sinnssjukt sterkt. Jah. Slik er det. Veldig fint og veldig fælt og såklart ein film som alle veldig må sjå. Ellen Burstyn er heilt fantastisk. Elles i jula har eg fått mi dose kvinnefilm: Sjokolade, Love actually og Siderhusreglene. I heart kvinnefilm. Litt på etterskot. Jadda. Veit det. Men eg følte at dette burde delast med flest mogleg. (Og fann derfor det rette forumet for det, eh.) Produktet er altså ikkje mitt, derimot saksa frå Gudbrandsdølen Dagningen 23.12.06. Vi får la forfattaren forbli anonym her. Og nei, eg har ikkje fiksa på noko.
Jule glede og Jule sukk Jula kjem med raske skritt og de føles ganske stridd. Vaske, skure, skifte laken og du skal heller ei gå naken ordne klær til dei og maken. Og maten de må vi også ha, sylte, lutefisk, ribbe bli bra. Ete til du blir god og mett se da blir alt så lyst og lett for når magen ut skal bule og du har spist opp ver smitt og smule Noen nye møbler må vi ha, sjølv om di gamle synes bra. De en Jul bere ein gang i året så må vi ta ein klipp av håret sette til farge her og der, til slutt ser du ut som ein gammel stær. Ny TV må vi også ha da vi de klart eg blir veldi glad. Sjølv om min konto forlengst er tømd behøver eg ikke desse tinga forsømd. Tenk eg kan bere ta med hjem min tomme lommebok treng ei frem. Tenk så flått, eg behøver ikkje betale før ni månter er gått. Og så langt fram i tid greier eg ikke å tenke, for nå ser eg berre alt som blenke. I og med at alle tre lesarane av denne bloggen nå har kommentert kor sjeld... eh, kor aldri eg bloggar, har eg i lang tid planlagt nettopp dette. Altså å gje opp det formstrenge essay-prosjektet mitt som tydelegvis berre medfører at eg aldri får skrive noko. Nervene og forventningane til meg sjølv blir rett og slett for digre. Vel; eg senkar herved terskelen. Nå skal det bloggast. (Det kan jo vere eit slags, eh, nyttårsforsett, iogmed at eg ikkje har større ting å tenkje på, meiner eg.)
Det som trigga det heile var jo sjølvsagt det eg akkurat høyrde på radio. I anledning desse juletider har nemleg, get this, dei forferdelege fire søstrene Eikaas funne det for godt å gje ut ein julesong. Kva er vel da meir naturleg enn å la valet falle på verdas mest heslege song i sjangeren? Jepp. Dei syng "En stjerne skinner i natt". Unisont og heilt ubegripeleg uspennande. Steike. Andre ting som er verdt å nemne i jula: - Eit infantilt støynivå i heimen som kan få ein lecastein til å bli mentalpasient. - Altfor mykje saksofon på tv. Kva er greia? Jul på tv, da er det berre å pøse på med saksofonsoli overalt, så blir det stemning. Pjuk. - Døllt og veldig langt intervju med Eli Rygg og familien julekveldsmorgon. Tema: AT dei feirar jul saman. AT! Ikkje korleis. - At eg forsåvidt ikkje har høyrt noko av lyden som har kome ut av tv-en i heile jula (jada, jula ER mykje tv), takka vere alltid nærverande kommentarspor frå fader'n. Elles er jula god. Overlevde til og med femårsjubileumsklassefesten her om dagen, på grensa til triveleg var det. Gler meg til nyttårskonsert. Godt nyttår, folks. Ein satsar på å avslutte bloggetørken snart, og kva er vel ikkje meir naturleg enn å starte med
litt lettvint oppgulp frå verdsveven? Her følgjer det heilhjarta forsøket mitt på smalltalk med Ikea-Anna. -Jeg heter Anna, hva kan jeg hjelpe deg med? -Nei, si det. -Det stemmer nok at du har sagt det. Er det noe mer om IKEA du lurer på? -Hvem i helvete er Billy? -Her finner du BILLY. -Javel. Og så? -Jeg bryr meg. Jeg er her for å hjelpe deg! -Med hva da? -Jeg liker best å svare på spørsmål, og helst spørsmål om IKEA. Hva kan jeg hjelpe deg med? -Steike, du er teit, ass. -Jeg er hva? Kan du være så snill å utdype spørsmålet? -Du er mindre oppvakt! -Jeg vet ikke hva som regnes for smart, men jeg har iallefall masse kunnskap om IKEA. -Ok. Kjøttboller er heslig. -Alle varehusene har salg av svenske spesialiteter, kjøttboller, knekkebrød, sild og lignende. Utsalget av dette finner du ved Bistroen i 1. etasje. -Hva med svensk porr? -Jeg forstår at du prøver å stille et spørsmål. Kan du skrive det på en annen måte? -Porno? -Kunne du stille hele spørsmål til meg er du snill? Hvis ikke kan det være vanskelig å oppfatte hva du ønsker. -Har dere PORNOFILMER? -Nå forstod jeg ikke hva du sa. -D'oh. -He he, hva mener du nå? -Hva vil du at jeg skal mene da? -Jeg liker alle mennesker jeg! -Plagsomt! Er du promiskuøs? -Jeg beklager om du ikke er fornøyd med mine tjenester. Jeg prøver så godt som mulig å hjelpe deg. -Med pulings? -Beklager, det du sa forstod jeg ikke. -Skal vi hångla? -Nå syns jeg du går over grensen for hva man spør om, la oss heller snakke om IKEA! -Makan! -Dette ordet oppfattet jeg ikke. Kan du stille meg et spørsmål med ordet i? -Har du sett på makan? -Jeg er singel. -There you go. Singel, men laus. -Jeg forsto ikke helt spørsmålet, kan du skrive en setning om gangen? -Og som nevnt, korka. -Beklager, jeg er ikke programmert til å regne. -Regna med det. -Nå forstår jeg ikke, kan du omformulere deg? -Vil du bli med og se på frimerkesamlinga mi? -Beklager, jeg er ikke programmert til å regne. -Nei. Anna kanna dreit i panna. -Jeg forstår at det er noe du er negativ til, men jeg klarer ikke å finne ut hva. Kan du skrive spørsmålet en gang til, på en annen måte? -MUUUUUUUUUUHH!!!! -Beklager, dette er et ord jeg ikke forstår. Kan du skrive det i en setning? -Forstår du noe i det hele tatt? -Jeg kan litt om mangt, men mye om IKEA. -Ikea Schmikea. -IKEA er et møbelvarehus. Her kan du lese mer om oss. -Jeg vil ikke lese om Ikea. -Nå syns jeg du går over grensen for hva man spør om, la oss heller snakke om IKEA! -IKEA IKEA IKEA IKEA! -Jeg forstår at du føler sterkt for dette, men jeg forstod ikke spørsmålet. Kan du omformulere deg? -Ikea? -Jeg forstår at du føler sterkt for dette, men jeg forstod ikke spørsmålet. Kan du omformulere deg? -Såe... hvorfor slutta du som gledespike? -Jeg kan ikke dø. -He he... sant. Så det blir altså jeg av oss to som må gå og henge meg for å få en slutt på dette. -En god latter forlenger livet!. -Biatch! -Slike uttrykk ønsker jeg ikke å kommentere. -Ok. Dette orka jeg ikke mer. Hopp i havet, kjerring. -Ja, jeg forstår hva du mener. Jeg blir også sliten av og til. -Tack och hej, leverpastej. -Den type temaer ønsker jeg ikke å snakke om. Kan vi ikke heller snakke om IKEA? -Nei. Det er jul neste månad, og ein har funne fram The Source: of Christmas. Det er vel lenge sidan det vart offisielt: Sommar ER skrivetørke. Jau. Eit par kommentarar må ein vel likevel klare å hoste opp og klore ned. Eg skal ha for forsøket. Trur eg.
Her om dagen kasta eg ein del av livet mitt. Eg går ut frå at minst fire millionar av innbyggjarane i dette landet på eitt eller anna tidspunkt har hatt eit par Adidas-slippers, eit produkt som aldri har vore særskilt lekkert, men som altså dukka opp på midten av nittitalet og oppnådde ein viss status bygd på ein kombinasjon av trend og nytte. Øh, eller ikkje veit eg kva det var. Eg har iallfall hatt mine til nå, og brukt dei ganske flittig til tassing rundt på stovegolvet. (Sjølvsagt berre heime, ja, men eg har faktisk sett folk spankulere rundt i den offentlege verda og gjere forsøk på å menge seg med oss andre, iført Adidas-slippers på føtene. DEN går ikkje, vi prøvar trass alt å ha ein sivilisasjon her.) Plutseleg takka slippersane, eller tæsene mine for seg, det vil seie den høgre, ved å sprekke heilt opp. Løysinga gav seg sjølv: Kasting. Som bringer meg til det neste temaet (ooh la la, det var overgangen sin, det); andre ting som burde ha vore kasta, og da tenkjer eg (såklart) umiddelbart på Peter Jöback. Skal ikkje argumentere særleg inngåande for dette synet, det burde vel vere svært openberre grunnar til at ein slik artist godt kunne slutta å plage oss. Treng vi ENDA ein til å radbrekkje Hallelujah? Og kven er det eigentleg han prøvar å lure med å syngje She? Fin tenorsolo (don't go there, Peter Jöback. Omg, I'm on fire med overgangane i dag!): Sanctus frå Berlioz' rekviem. Fotball-VM er over, finalen var i kveld. Ein vinnar vart kåra. 'Nuff said.
"Oi, eg er verdas beste fotballspelar, og har vore det i mange år, er allereie verdsmeister ein gong og har nå gode moglegheiter til å bli det ein gong til, og det i den siste fotballkampen eg spelar evvah, hmm, eg lurar på korleis eg skal ro dette i land, eg er kaptein på laget mitt og har allereie scora i finalen, skal eg prøve å gje jernet og føre gutane fram til seier, eller i det minste ro kampen i land til ekstraomgangar eller straffespark, der eg kanskje til og med kan score ein gong til og verkeleg bli ein gedigen helt som blir hugsa og ikkje minst sett opp til for all ettertid, i verste fall kan eg kanskje tape kampen med heva hovud? Hm. Hmmmmm. Eller kanskje eg skal skalle ned han degosen der i staden. Tricky. Hmmmmmmmmm. Tok det siste, eg." Og kva er greia med at dei både etter finalen og bronsefinalen spelte Go west? Kva er det for noko? "Leve Vesten, it's the only way! Nå kan de sjå nå, det nyttar ikkje å kome her, rett frå den tredje verda, og tru de kan få ete kirsebær med dei store. Suckers! Eg tenkjer vi bør lære litt om demokrati, fred, levesett og usunne matvanar først, eg, før vi trur vi kan yppe oss i fotball. "Elfenbenskysten"!! Bah! Narr meg ikkje til å le." Ein fotballrelatert ting til tvingar fram ein liten kommentar. Tingen heiter "The Players". Konsept: Dei tre kjekkaste fotballspelarane i landet, pluss rikstosken John Arne Riise, og Raymond Kvisvik, som ser ut om lag slik som det høyrest ut som han ser ut, utgjer Norges første fotball-boyband. (La oss håpe at dersom dette stupide innfallet mot alle odds ikkje skulle starte eit ras av slike fotball-boyband, så vil vi iallfall snarleg kunne nyte synet og lyden av Riise og Idol-Sandra i ein duett.) Dette "bandet" må sjølvsagt til "glede" for folket "opptrå" med "innøvde" "dansesteg" live på eit "underhaldningsprogram" i "beste" sendetid på riksdekkjande fjernsyn. Om dei song sjølve eller ikkje, må eg innrømme at det aldri ramla meg inn å leggje merkje til. Var altfor oppteken av å vri meg i pinsemd. Ravels Daphnis et Chloë gjekk på Hovedscenen på NRK2 likt med finalen, eit kjapt forsøk på zapping for å få med seg begge delar spente fort bein på seg sjølv... Ein har vore på slekstreff.
Eg må innrømme at eg hadde håpa på ei oppleving der eg i ettertid kunne ause edder og galle utover heile verdsveven. Eg er fullstendig klar over at Addams Family-tendensane er fråverande i familien min, eg har vore ganske heldig slik sett, men likevel er det nå slik at mora til ei venninne har veldig rett når ho seier at "slekt gjer seg best i glas og ramme". Før treffet var trongen til å bli intenst kjend med tremenningar eg aldri har sett før, og truleg tilnærma aldri kjem til å sjå igjen, om lag på same nivå som trongen til å sage av meg begge armane med ein eingongsplastkniv. Slik sett må eg altså seie at eg vart skuffa. Det heile gjekk føre seg utan den heilt store dramatikken, utan dei altfor pinlege talene og med akseptabel mengd tomprat. Nokre høgdepunkt kan likevel nemnast i stikkordsform: - Allsong av "Vi tar en rungende og lystig sang"-kaliber, med underteikna som akkompagnatør på dårleg keyboard, utan pedal, men med uoriginal leidning som medførte intervall-lyd (eitt sekunds största möjliga tystnad kvart femte sekund). - Kvasi-matriarkalsk grandtante som mintest gamle dagar ved å rakke ned på andre familiar. - Forsøk på å oppmode til gamaldans, av det nokså feilslåtte slaget mellom anna fordi dansemusikken bestod av ein cd med særs halvhjerta bygde-folk-musikk - resultat: Dei tolv år gamle gutane fekk meir eller mindre frivillig svinga seg med tantene på 60. - Tilløp til heving av augebryn hos dei nemnde tantene da ein av tolvåringane prøvde seg som dj og sette på Shania Twain. Nå merkar eg at eg må slutte, fordi dette slettes ikkje vart underhaldande å lese. Som nemnt, nettopp fordi dei store høgdepunkta mangla; det heile var strengt tatt berre dørgande keisamt... OG UTAN ALKOHOL. Men rømmegraut og spekemat er jo alltid godt. Ikkje at det var heilt verdt det. Savoy - Lackluster me |